Første Skyrace 19 august 2023 vart arrangera på dagen 100 år etter Valle idrottslag vart grunnlagt.
Valle er omkransa av flotte fjell på alle kanter og gjennom fleire år har det vert folk som har bygd opp eit flott løypenett rundt bygda. Dette arbeidet danna grunnlag for at nyvald leiar i Valle IL 19 juni 2023 Solveig Kyrvestad såg mogelegheiten for å arrangere eit løp i desse trakter. Styret var positive og så sagt så gjort. Det er noko med det at når Solveig arrangerer noko så er det viktig at det vert hardt nok for dei som ønsker ei real utfordring, samtidig skal det vere tilrettelagt for at dei som ynskjer å gjennomføre kan føle ein tryggheit i å bli ivaretatt slik at dei på ein sikker måte kan komme gjennom løypa. Og slik vart det. 43 km og 2600 høydemeter når det er bratt opp og bratt utfor er ei utfordring for dei fleste. Samtidig i eit roligare tempo med ein del mil i beina vil du klare å gjennomføre løpet, med ei god dose stahet!