Matstasjonar

Valle Skyrace har stasjoner på:

Masta 900 moh, etter 6 km er du på Masta, då har du fått 4 km på asfalt og kjent på veggen opp Støylsvegen. Forhåpentligvis har dere som skal lengst spart litt på kruttet opp den berykta vegen. Det venter deg eit flott flyt-terreng langs kanten på Nomelandsfjellet til Fingredalstjønna før du stuper ned til rasteplassen som er kåra til Noregs flottaste. 

Honnevje, Her kjem du over RV 9 og finn drikke stasjon 2. Her er det også løypa deler seg. Så dei som skal 14 km skal sør (til høgre) ned til sentrum.  24 km og 43 km skal nordover (til venstre). Det er erfaringsmessig folk som ikkje løfter blikket å kjem litt vel tidlig ned til mål. GPX fil til lengste distansar kan vere fornuftig å ha så er du sikra rett veg! 43 km SKAL ha gpx fil!!

Laugardalen 650 moh, Når du kjem til Laugardalen har du vore opp i 950 meters høgde igjen over Hommfjødd og er på drikke og matstasjon 3. Du har no gjennomført 20 km av løpet ditt. Her løper du like ved Laugardalstjørni og på varme dagar er det alltid nokre som tar seg ein tur uti for å kjøle seg litt ned. Her får du også god servering av mat og drikke. Dei har grillen på og serverer pølser og ellers mykje god drikke og snacks.

Tveitebø, Når du kjem til Tveitebø så er du nedi bygda ved vegen igjen og har fullført 23 km av løpet ditt. Drikke og snacks serverast her. Tveitebø er det stasjon for dropbag. Dette er grendehuset til Tveitebø og Homme grendelag. Her er det toalett og dette er siste stasjon før den lengste løypa går opp i det mest værharde området av løypa. Så lurt å ha med ekstra om været skulle vere slik at det er behov for dette. 

Her skal det også fylles godt på med drikke for resten av løpet! De neste stasjonene kan du ikke ha påfyll på. Valefjell og Ljomsnuten er kun litt ekstra påfyll. 

Dersom du på denne stasjonen kjenner at du ikkje har dagen til å fullføre 43 km så kom deg til mål og fullfør 26 km.  Det vil stå at du har fullført distansen, men du vil ikkje få premie eller plassering.

Valefjell 1163 moh, Nå har du vært opp Bispevegen og løpt over Konungsnetten i 1000 meters høgde og kome deg til Valefjell og fullført 29 km av løpet. Her er også "point of no return". Siste stad me kan få deg greit ned frå fjellet om du kjenner at du ikkje orker siste delen. Nå går du inn i fjellet og må då vere i form til å fullføre løpet. Her får du servert noko drikke og snacks.

Ljomsnuten 1268 moh, løypas høgste punkt og 32 km ut i løpet.  No er høgste punktet nådd og det er berer sjarmøretappen igjen ned til sntrum igjen. Her vil du ha igjen for å ha banka beina i nedforbakker i oppkjøring til løpet.

Stavdalen, 750 moh og 38 km ut i løpet, sjølvbetjening av drikke og noko snacks