Race-guide

Velkomen til Valle Skyrace

Sekretariat/løpskontor.

Alle løpere må registrere seg ved sekretariatet/løpskontoret. Startnummer og t-shirt delast ut ved registrering

Løpskontor er ope fredag klokka 19.00-21.00 og laurdag frå klokka 07.00

Løpskontor er Frikyrkja i Valle Sentrum like ved start.


Løpsstart

Valle Skyrace er fellesstart for alle klassar (14 km, 26 km og 43 km) klokka 09.00.


Tidtaking:

Tida starter på det klokkeslett som startskuddet går.

Startnummer har tidtakerbrikker integrert i startnummeret. 

Bær startnummeret godt synlig da mellomtider på fjellet (Valefjell og Ljomsnuten)blir registrert manuelt.

Startnummer skal festes foran på trøye med medfølgende sikkerhetsnåler.

Det er ikkje tillatt å starte med ein anna person sitt startnummer.

Utan startnummer eller feil bruk så vert ikkje tida registrert.


Kva skal du ha med deg?

I 2026 har det vore svært tørt og det er nesten ikkje vatn og oppdrive i løypa som er anbefalt å drikke. Ein bør ha med seg drikkebelte/drikkesekk. På 43 km SKAL det berast med eige drikke.

Du skal kle deg etter forhold. Er det meldt under 10 grader så skal du ha med deg vindjakke, lue, buff, hansker, ekstra trøye i ull.


Drikke og matstasjonar

Det er drikke og matstasjonar i løypa. 

Du får servert vatn, energidrikk, sportsdrikk, sjokolade, bakverk, godteri. Kan variere noko på stasjonar.

Har du privat crew så er det greit å ha treffpunkt på Honnevje, Einang, Homme og Brottveit.


EKSTRA SERVICE 43 KM.

Det er først når du kjem til Tveitebø vel halvvegs at 43 km skal opp på dei høgaste toppane. Det kan blåse godt når du kjem opp siste stigning til du kjem forbi Ljomsnuten.  Derfor kan du ved start ha med deg ein godt merka sekk eller bag som me kjører opp til Tveitebø slik at du kan ha ekstra klede og evnt eigen mat her. Den leveres i startnummerutdeling.


Cut-off 43 km

Du må ha passert Laugardalen innan 6 timar og du må fullføre løpet innan 12 timar.

Portalen vert tatt ned klokka 21.00

Arrangøren forbeholder seg retten til å ta ut løpere av løypa


Brudd av løp

Skal alltid meldes frå om til arrangør og løpsleiar på tlf 91247155. Dersom du bryt løpet skal du melde deg i målområdet.


Feil løping av løypa og målgang i ein kortare distanse.

Dersom du har meldt deg på ein av dei lengre distansane, men likevel kjem i målområdet på ein kortare distanse kan du stå som fullført på aktuell distanse. Du vil ikkje kunne få premie eller plassering.

Ved feil løype vert det ikkje gitt tellande resultat i mål.


Husdyr

Vis hensyn til husdyr langs løypa. Passer dei rolig og uten å skremme dei. Mangel på respekt fører til diskvalifikasjon. 


Grindlukking

Alle grinder skal lukkes. Me er så heldige å få ferdes i områder det er beitedyr, då må me også ta hensyn og sørge for at det ikkje vert meirarbeid for dei som har husdyr på beite.


Søppel

Ingen forsøpling. Forsøpling i løypa fører til diskvalifikasjon.